I går:
Eg pakkar i bagen min. Legg oppi skiklede, i tilfelle eg skal på fjellet. Legg oppi kjolar og støvlettar i tilfelle eg skal på fest. Eg legger oppi ullsokkar i tilfelle eg skal på fjellet. Eg legg oppi sminkeveska i tilfelle eg skal på fest. Eg legger oppi joggebukse og joggesko i tilfelle eg finn ut at eg skal trene. Eg legger oppi ei ordbok, eit kompendium, ei pensumbok, ei skriveblokk, eit par kulepennar, i tilfelle eg skal jobbe med oppgåva mi. Denne oppgåva eg har ramla oppi dette siste semesteret. Eg legger oppi ei flaske rom, i tilfelle eg skal på fest. Eg legger oppi femten par bambuspinnar i tilfelle eg skal på fjellet. Eg legger oppi datamaskina mi, i tilfelle eg skal skrive på oppgåva mi. Dette samansuriet av kunnskap og unyttig info, dette Greatest Hits of Estetiske fag.
Ei side down
nitten to go!
Eg legger oppi ei pakke med konvoluttar. Ei bunke med CVar, i tilfelle eg skal søke jobbar.
Eg legger oppi ei pakke med konvoluttar. Ei bunke godord om meg sjølv.
Etter påske er det ein samtale. Med eit internasjonalt selskap. Eg trur eg får jobben. Det hadde vore greit.
For nokre veker sidan var eg på eit kurs, og eg trur eg fann meininga med livet. Eller, kanskje ikkje så drastisk. Men no trur eg i alle fall at eg har funne vegen vidare. Sannsynlegvis startar vegen vidare i Oslo. Denne byen eg eigentleg ikkje likar. Denne byen eg eigentleg er redd. Der skal eg kanskje bu.
Og dette lånet eg eigentleg ikkje likar. Dette lånet eg er ganske redd. Dette lånet som er på tohundreogfiretusen. Dette lånet må vekse litt til.
søndag 16. mars 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar