Vi viser til mottatt søknad til ovennevnte studium, og kan med glede bekrefte at du oppfyller opptakskravene og er tildelt plass ved skolen kommende studieår.
YESSSSS!!!
Det löser sig! Det gör det alltid!
Dette betyr at eg skal flytte til Oslo. Forutsatt at eg finn ein stad å bu då. Ein plass eg har råd til å bu, vel å merke.
Ellers så har det endeleg byrja å bli lyst ute! HALLELUJA! Eg går tur kvar dag. Fantastisk. Eller, det er ikkje superfantastisk, ettersom eg har klart å pådra meg ein atypisk lungebetennelse og at eg til tider føler at eg skal berre slutte å puste ... men eg går tur kvar dag. Eg har kjøpt turjakke og ny joggebukse, og etterkvart har eg fått meir og meir lyst på nye joggesko. Eller gåsko. Eg har faktisk nesten blitt heilt besatt på å kjøpe nye joggesko! Eg MÅ ha nye joggesko.
Ettersom eg har blitt så flink til å gå tur og spise sunt og vere positiv og grei og snill, så hadde eg tenkt å investere i eit treningskort som ville gje meg tilgang på å bruke bassenget i det nye studentsenteret. Men kva idiot har eigentleg designa det senteret der? Som om ikkje det er nok at sjølve hallen ligg på gateplan, og at kvarmannsen kan sjå rett inn, då det ikkje er så mykje som frosta glas eingong, så er altså sjølve bassenget også gjennomsiktig! Eg gjentar; kva for ein IDIOT har designa det der?
Og den jobben eg skreiv om sist gong? Den fekk eg. Whoopihey! Og i samband med det var eg på politistasjonen i går og søkte om å få ein vandelsattest! Eg vart ein smule paff då eg fekk beskjed om å fylle ut eit søknadsskjema, men men. Det er vel sånn det har blitt i 2008 det, at ein må søkje om altmuleg.
No manglar eg berre sumarjobb! Og husvere i Oslo. Så er alt i boks. (jaja, også må eg skrive bacheloroppgåva mi då. og heimeeksamen. og ha munnleg eksamen. så er eg klar)
laurdag 12. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar